Planlagde endringar
Ettersom HelseID er ei teneste som har utvikla seg over tid, er det ikkje til å unngå at enkelte delar av tenesta etter kvart vil bli endra eller utrangert. Vegkartet under viser kva for nokre endringar HelseID vil gjere i den komande tida og når dei blir sett i verk i test og produksjon.
Endring | Skildring | Test | Prod |
---|---|---|---|
Fjerne PREG | Personregisteret (PREG) vil bli utrangert i testmiljøet. Alle testpersonar vil framover bli tatt frå Persontjenesten, som inneheld syntetiske personar frå SyntPop. | September 2024 | |
Fjerne gammal Test-IDP | Den gamle Test-IDP-tenaren vil bli fasa ut. | Oktober 2024 | |
Fjerne gammalt amr -claim |
Det gamle claimet helseid://claims/client/claims/amr vil bli fjerna. Informasjonen vil bli erstatta av client_amr -claimet, som allereie er i produksjon. |
Oktober 2024 | Desember 2024 |
Avvise implicit- eller hybrid-flyt | Avvise all bruk av hybrid- og implicit-flyt frå klientar. | November 2024 | Januar 2025 |
Avvise Shared Secret | Avvise alle klientar som forsøker å bruke Shared Secret som klientautentisering. | November 2024 | Januar 2025 |
Krav om PKCE | Alle klientar med brukarpålogging som ikkje brukar PKCE i kallet til Authorize-endepunktet vil bli avvist i køyretid. | Mars 2025 | |
Krav om PAR | Alle klientar med brukarpålogging som ikkje brukar PAR vil bli avvist i køyretid. | i løpet av 2025 |